Hildegunn & Leif-Per

Noregs mest eksentriske humorduo er endeleg tilbake på norske scener!

Hildegunn og Leif-Per Moltubakk var éin av 90-tallets største revysuksessar og selde meir enn 170.000 billetter frå nord til sør. No er radarparet frå Ulsteinvik tilbake etter ei lengre pause, og mykje har skjedd sidan sist: Hildegunn har skilt seg, ho er blitt bestemor til sju, ho har deltidsjobb på Cubus – og har endeleg greidd å fullføre ei etterlengta nettutdanning som mental-coach ved The Californian Institute of Female Empowerment and Spirituality.

Leif-Per har bytta til EL-drosje, han har fått vakuumtoalett på hytta si – og brenn inne med landets største DVD-samling – men er han singel? Det er som alltid mykje action når Hildegunn skal ha konsert, og denne gongen satsar radarparet frå Sunnmøre mellom anna på alle dei moglegheitene som melder seg når ein IKKJE skal samarbeide med Kringkastingsorkesteret.

Det er berre å belte seg fast for ein absurd humorkveld som ikkje liknar så mykje anna!

Av og med Fredrik Steen og Ørjan Liavåg.

 

Kjøp med showpakke!

Showpakken inkluderer:
To- / tre retters meny før forestillingdessertbord med kaffe«Fasttrack» til scenen og fri garderobe.